Han har namn som det høver seg ein mann av kongs- og emissærætt, Olaus Trygve Bjuland, eit førenamn som er samansett av tydingane «heilag» og «til å lita på», eit namn som ber med seg stort ansvar når han går inn i politikken. På vårparten skal han tala på Oslo Symposium.
Nærbøguten Olaus Trygve Bjuland er fylkesleiar i KrFU Rogaland. Han veit kva han står for – og kva han vil med framtida si – og kva han ynskjer å gjera – for Noreg.
Han er sytten år gamal, og har vore politisk engasjert frå han var tolv. Han blei medlem i KrFU då han var 13.
– Men eg har alltid vore engasjert, anten det var på fotballbanen – eller andre stader, seier den relativt nyvalde leiaren i KrFU Rogaland, som i mars neste år skal stå på talarstolen i Oslo Symposium.
Engasjementet
– Det er mange ulike reaksjonar på engasjementet mitt, men langt dei fleste reagerar positivt på det at eg er ein ung mann som vil noko med livet mitt. Rett nok skal eg vera forsiktig med å samanlikna engasjementet mitt med eit kall, men eg trur heller ikkje at det er vilkårleg at eg er så engasjert som eg er.
– Eg har dessuten glede av å halda på med dette, seier Olaus Trygve Bjuland, som ser på seg sjølv som ein offensiv type som korkje er redd for å stilla seg fram – eller å stå for det han meiner og trur.
Viking
Han er seg medviten at han har namn av ein vikingkonge, og har fysisk opphav i eit landområde som står sentralt i vikingsoga.
– Eg vonar kampviljen min er som vikingane, òg. Sånn som då me på landsmøtet i KrFU nyss fekk snudd landsstyret si innstilling til ekteskapslova. Det var sjølvsagt ikkje noko eg var åleine om – men me slåst saman for å vinna fram for dei gamle verdiane.
Han er oppattkalla etter to emissærar i nær familie, fortel han. Dermed har han ein arv å bera vidare.
– Målet må vera å få bruka all min styrke og all mi makt – til å kjempa for det eg trur på.
– Har eg namn som ein viking, får eg bruka det til å kjempa som ein viking, seier Olaus Trygve.
Stortinget?
– Politikken er ikkje eit mål i seg sjølv, men eg skal ikkje leggja skjul på at eg har lyst til å vera med å påverka politikken. Om partiet difor har vilje til å ha meg med på laget – ser eg ikkje nokon grunn til å ha mindre ambisjonar.
– Eg skal heller ikkje seia at eg ikkje kunne tenkt meg å bli statsminister, men det krev at me treng å auka oppslutnaden i partiet – greier me det – kan det godt tenkjast at me i framtida kan sjå ei Bjuland-regjering, seier han med klår og medviten røyst.
Med lov skal landet byggjast …
Til våren skal han innta preikestolen på Oslo Symposium, og tala varmt og vel om kor viktig det er å ta vare på dei gamle verdiane som det norske samfunnet byggjer på – heilt ifrå vikingkongane si tid.
– Kva verdiar vil me skal prega samfunnet? Me ser at dei kristne verdiane som var med å forma samfunnet stadig blir hota. Me blir dradd i ulike retningar. Samfunnet blir hota av surrogati, abort, sorteringssamfunnet. Me lever i eit samfunn der KRLE møter motstand.
– Det skulle då visseleg berre mangla at me skulle læra om kristendom i skulen. Me er eit land med over tusen år lang tilkytning til kristendomen og dei kristne verdiar. Ingen kan koma og seia at kristendomen ikkje står i ei særstilling i forhold til dei andre religionane.
– Det er naivt å tru at me ikkje skal vera frie til å kjempa mot det sekulariserte samfunnet, seier han, og manar til å løfta fram dei kristne verdiane.
… ikkje med ulov øydast
– Det er vårt ansvar å løfta fram dei verdiane som bygde dette landet. Dei verdiane som bygde dette landet i tusen år, skal me ha med oss i nye tusen år òg. Men det krev at folk stiller opp. Det krev at Olga og alle dei andre som går på bedehuset òg røystar KrF, seier Bjuland – som ikkje skjuler kven han drar til tinget for å representera.
– Me skal vera ein motpol mot sekulariseringa, og difor håpar eg at får brukt engasjementet mitt til å motivera – også på Oslo Symposium.
– Målet mitt er at når folk reiser seg etter innlegget mitt på Oslo Symposium skal dei reisa seg og tenkja: YES! No skal me ta landet attende! Saman! Oslo Symposium er eit arrangement i regi av organisasjonen Kristenfolket, i samarbeid med Norge IDAG og Internasjonale Kristne Ambassade Norge.
Av Lars-Toralf Storstrand
21.11.2014 10:19
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar